TELEFON
9
13 51 008
ADRESSE
6788 Olden
webcam
FINN DITT HUSVÆRE
Show navigation
Hide navigation
Heim
Om oss
Kontakt
Om prosjektet
Rett ved fjorden!
Pris/reservasjon
Galleri
Rett ved fjorden!
No kan du få høve til å bu på ei storarta strandtomt.
ELVAHAGEN er eit arkitekt-teikna byggeprosjekt i Olden sentrum, med umiddelbar nærleik til fjorden og elva. Olden er ei idyllisk og levande bygd i Stryn kommune, heilt inst i innhaldsrike Nordfjord. Her møtes det vakre med det dramatiske, og dannar ei ramme rundt prosjektet som ligg i det flottaste du finn av norsk natur.
I dette biletet kan du bu rett ved fjorden, med panoramutsikt til attraksjonane, og samstundes leve usjenert og sentralt. Butikkar og serveringstader finn du berre få meter unna.
Skule, idrettsplass og barnehage ligg under 5 minutts gange frå Elvahagen, og staden er eit perfekt utgangspunkt for ei lang rekkje fjellturar. Enkle sætreturar i rikt utval, eller toppturar til dei majestetiske toppane som strekkjer seg over 1800 m.o.h. Det fins i tillegg opparbeidde sandstrender på begge sider av Elvahagen.
Kjende turistdestinasjonar som Briksdalsbreen, Oldedalen, Lodalen, Via ferrata Loen og Loen skylift m.m, ligg berre korte køyreturar ifrå.
I kraft av at dette er ei unik strandtomt, har arkitekten lete seg inspirere av fjorden og nausta. Resultatet er attraktivt og moderne, med maritime assosiasjonar. Her vil du finne bustader/husvære som passar både førstegongskjøparar, vaksne og barnefamiliar. Hus A ligg på ei tomt som er regulert for næring, medan hus B, C og D er regulert som bustadar. Dette gjev ulike reglar for evt framleige.
Totalt er planen å bygge 26 einingar delt på 4 bygg. Det vert høve til å kunne slå saman 2 einingar vertikalt, men utanom evt desse, er alle husværa på eitt plan.
Tomta er heilt flat, og det er svært enkel tilkomst. Parkering blir i eigne carportar m/sportsbod. Grøntareal og friområde, med fredeleg aktivitetar, vil bli høgt prioritert.
Det blir lagt opp til betong eller stålkonstruksjon i første etasje, med hulldekke mellom etasjane.
Materialet, både inne og ute, vil vere tidsrett og av høg kvalitet.
Målet er å skape trygge og attraktive heimar det er godt å bu i.
Rett ved fjorden!
Web by Sico Data AS