TELEFON 
913 51 008
     
ADRESSE
6788 Olden
Om prosjektet
ELVAHAGEN er eit prosjekt med maksimalt 24 einingar/husvære.

Vi har prøvd å utvikle fleksible løysingar med stor valfridom. Bygga er prosjektert med alle husværa på eitt plan, men vi opnar for høve til å kunne utvide desse til å gå over to plan.

BYGG A er teikna med 10 einingar på 53 kvm. BRA – alternativt 5 stk. på 106 kvm. BRA, eller ein kombinasjon av desse storleikane.

BYGG B er fjerna.

BYGG C er teikna med 6 einingar på 85 kvm. BRA – alternativt 3 stk. på 170 kvm. BRA eller ein kombinasjon av desse storleikane.

BYGG D er teikna med 4 einingar på 92 kvm. BRA og 4 einingar på 76 kvm. BRA – alternativt 2 stk. på 184 kvm. BRA, og 2 stk. på 152 kvm. BRA , eller ein kombinasjon av desse storleikane.

Det kan bli ei trinnvis utbygging av prosjektet, avhengig av antall tinga husvære/einingar, men det vert sett igong minimum eitt bygg i kvart trinn.


Enkel skildring av bygga:

Tak-konstruksjon:
Isolert sperretak/takstolar med takstein på saltak og papptekking på  pult-tak. Gipsplater i både flat og skrå himling.

Ytterveggar:
Isolert bindingsverk med gipsplater innvendig, og tre-kledning utvendig.
Bæring i 1. etg: Betong i kombinasjon med stålsøyler.

Etasjeskille:
Hulldekke med trinnlydsoppbygging over, og nedsenka himling under.

Himling:
Malte gipsplater, glatt himling.

Golv:
Våtrom med flis, elles parkett/laminat.

Innerveggar:
Flis på bad, vaskerom med våtromspanel. Elles malte gipsplater.

Fleire detaljar om tilval etter prisinnhenting.


Oppvarming
Det vert lagt opp til varmepumpe med vassbåren golvvarme i alle husvære. 

Det vert høve for skorstein med ildstad i alle husvære.


Reguleringsplan
Området er i dag under regulering. Ein tek difor atterhald om godkjend reguleringsplan og gjer merksam på at planprosessen kan medføre endringar i prospektet.